Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa vidare ned
Frå september til desember 2006 gjekk talet på arbeidslause ned med 10 000, syner sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsløysa utgjorde 2,8 prosent av arbeidsstyrken i desember, ned frå 3,2 prosent i september. Talet på sysselsette gjekk opp med 21 000 i same periode.
Justert for sesongvariasjonar var det 21 000 fleire personar i arbeid i desember (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar) enn i september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober). Oppgangen som starta sommaren 2005, heldt dermed fram ut året 2006. Justert for sesongvariasjonar var det 104 000 fleire sysselsette i desember 2006 enn i juni 2005.
Arbeidsløysa like låg som ved førre botnnivå
Talet på arbeidslause gjekk ned med 10 000 frå september (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober) til desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar). Arbeidsløysa utgjorde med det 2,8 prosent av arbeidsstyrken i desember, mot 3,2 prosent i september. Arbeidsløysa nådde toppen sommaren 2005, då 4,9 prosent av arbeidsstyrken var utan arbeid, og har sidan gått jamt nedover. Ho er no like låg som ved det førre botnnivået, som var i byrjinga av 1999. Då var den sesongjusterte arbeidsløysa også 2,8 prosent.
Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 5 000 personar frå september til desember 2006, justert for sesongvariasjonar.
Arbeidsløysa ned i dei fleste EU-landa
Frå september til desember gjekk arbeidsløysa ned i 16 av dei 27 EU-landa. I EU15-landa sett under eitt, gjekk arbeidsløysa ned frå 7,2 til 7,1 prosent. Det var nedgang i arbeidsløysa i fleire store EU-land i perioden, frå 8,5 til 7,9 prosent i Tyskland og frå 8,8 til 8,5 prosent i Frankrike. I Storbritannia ser veksten i arbeidsløysa ut til å ha stoppa opp. I Danmark fall arbeidsløysa frå 3,5 til 3,2 prosent frå september til desember, i tråd med nedgangen sidan hausten 2004. I USA minka arbeidsløysa frå 4,7 til 4,5 prosent i same perioden. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .)
Framleis vekst i talet på utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar) auka også frå september (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober) til desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar): Samanlikna med september blei det i snitt utført 19 000 fleire vekeverk kvar veke i desember, justert for sesongvariasjonar. Dette er i tråd med veksten i talet på utførte vekeverk sidan byrjinga av 2004.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for desember gjennomsnittet av overslaga for november, desember og januar. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 . Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering . |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62