2098_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2098
Framleis nedgang i arbeidsløysa
statistikk
2007-03-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i arbeidsløysa

Frå oktober 2006 til januar 2007 gjekk talet på arbeidslause ned med 8 000, syner sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsløysa utgjorde 2,7 prosent av arbeidsstyrken i januar, ned frå 3,1 prosent i oktober.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar var 18 000 fleire personar i arbeid i januar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden desember til februar) enn i oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november). Oppgangen som starta sommaren 2005, fortsette dermed inn i 2007. Justert for sesongvariasjonar var det 107 000 fleire sysselsette i januar 2007 enn i juni 2005.

Arbeidsløysa like låg som ved førre botnnivå

Talet på arbeidslause gjekk ned med 8 000 frå oktober (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november) til januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar). Arbeidsløysa utgjorde med det 2,7 prosent av arbeidsstyrken i januar, mot 3,1 prosent i oktober. Arbeidsløysa nådde toppen sommaren 2005, då 4,9 prosent av arbeidsstyrken var utan arbeid, og har sidan gått jamt nedover. Ho er no på same nivå som ved førre botn, som var i byrjinga av 1999.

Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 4 000 personar frå oktober 2006 til januar 2007, justert for sesongvariasjonar.

Framleis vekst i talet på utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) auka også frå oktober (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november) til januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar): Samanlikna med oktober blei det i snitt utført 19 000 fleire vekeverk kvar veke i januar, justert for sesongvariasjonar. Dette er i tråd med veksten i talet på utførte vekeverk sidan byrjinga av 2004.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidsløysa vidare ned i mange EU-land

Frå oktober 2006 til januar 2007 gjekk arbeidsløysa ned i 15 av dei 27 EU-landa. I EU15-landa sett under eitt, gjekk arbeidsløysa ned frå 7,2 til 7,0 prosent. Det var nedgang i arbeidsløysa i fleire store EU-land i løpet av perioden, frå 8,1 til 7,7 prosent i Tyskland og frå 8,7 til 8,4 prosent i Frankrike. I Storbritannia ser veksten i arbeidsløysa ut til å ha stoppa opp. I Danmark fall arbeidsløysa frå 3,6 til 3,3 prosent frå oktober til januar. I USA auka arbeidsløysa frå 4,4 til 4,6 prosent i same perioden. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat ).

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for januar gjennomsnittet av overslaga for desember, januar og februar. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller: