Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis aukande sysselsetjing
Frå november 2006 til februar 2007 gjekk talet på sysselsette opp med 19 000 personar, syner sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsløysa var i februar på 2,7 prosent.
Justert for sesongvariasjonar var 19 000 fleire personar i arbeid i februar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden januar til mars) enn i november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember). Dette er i tråd med trenden sidan sommaren 2005.
Arbeidsløysa
Arbeidsløysa utgjorde 2,7 prosent av arbeidsstyrken i februar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars), mot 2,9 prosent i november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng er om lag på storleik med feilmarginen. Arbeidsløysa hadde ein topp sommaren 2005, då 4,9 prosent av arbeidsstyrken var utan arbeid, og har sidan gått jamt nedover. Ho er no på same nivå som ved førre botn, som var i byrjinga av 1999.
Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 4 000 personar frå november 2006 til februar 2007, justert for sesongvariasjonar.
Framleis vekst i talet på utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) auka også frå november (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for tremånadersperioden januar- mars): Samanlikna med november blei det i snitt utført 28 000 fleire vekeverk kvar veke i februar, justert for sesongvariasjonar. Dette er i tråd med trenden sidan byrjinga av 2004.
Lågare arbeidsløyse i Tyskland
I februar var arbeidsløysa i Tyskland 7,1 prosent, ein nedgang med 0,8 prosentpoeng sidan november. I EU15-landa, sett under eitt, gjekk arbeidsløysa ned frå 7,2 til 7,0 prosent. I Sverige auka arbeidsløysa frå 6,4 til 6,7 prosent i same perioden. I Danmark fall arbeidsløysa frå 3,6 til 3,4 prosent frå november til februar. I USA var arbeidsløysa 4,5 prosent i februar, det same som i november. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .)
Uvisse ved dei sesongjusterte talaFøremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 . Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering . |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62