Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Avtakande vekst i sysselsetjinga
Sidan i fjor haust har det vore ein avtakande vekst i sysselsetjinga, medan arbeidsløysa har halde seg stabil sidan sommaren i fjor.
Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 3 000 personar frå mars (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april) til juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli). Eit endringstal på 3 000 ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsløysa på same nivå
Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,6 prosent av arbeidsstyrken i juni (gjennomsnitt for mai-juli), mot 2,4 prosent i mars (gjennomsnitt for februar-april). Oppgangen på 0,2 prosentpoeng (4 000 personar) ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak var uendra i same periode, justert for sesongvariasjonar.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 4 000 frå mars (gjennomsnitt for februar-april) til juni (gjennomsnitt for mai-juli), justert for sesongvariasjonar. Denne auken ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Nedgang i arbeidsløysa i Sverige og Danmark, men oppgang i USA
Arbeidsløysa gjekk ned i Sverige og Danmark frå mars til juni, men auka i USA. I Frankrike og Tyskland var arbeidsløysa stabil i same periode. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskrive utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i
"Om statistikken", pkt. 5.3
.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62