Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Uendra arbeidsløyse og sysselsetjing
Arbeidsløysa har halde seg stabil sidan sommaren i fjor, og utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i juli 2008. Veksten i sysselsetjinga har vore minkande sidan hausten i fjor, og har no stoppa opp.
Det har vore vekst i sysselsetjinga sidan sommaren 2005. Hausten i fjor var veksten på topp, men har sidan minka og no stoppa opp. Frå april (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden mars - mai) til juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni - august) viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 2 000 personar, justert for sesongvariasjonar. Eit endringstal på 2 000 ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsløysa på same nivå
Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i juli (gjennomsnitt for juni - august), det same som i april (gjennomsnitt for mars - mai). Sidan sommaren 2007 har arbeidsløysa svinga mellom 2,4 og 2,6 prosent , og dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak var uendra frå april til juli, justert for sesongvariasjonar.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 4 000 frå april (gjennomsnitt for mars - mai) til juli (gjennomsnitt for juni - august), justert for sesongvariasjonar. Denne auken ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA
Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå april til juli, mellom anna Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland. I USA gjekk arbeidsløysa opp frå 5,0 til 5,7 prosent i same periode. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånaderssperioden som er reinsa for sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i
"Om statistikken", pkt. 5.3
.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62