Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil arbeidsløyse
Arbeidsløysa har halde seg stabil sidan sommaren i fjor, og utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i august 2008. Veksten i sysselsetjinga har vore minkande sidan hausten i fjor, og har no stoppa opp.
Det har vore vekst i sysselsetjinga sidan sommaren 2005. På hausten i fjor var veksten på topp, men har sidan minka, og har no stoppa opp. Frå mai (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni) til august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september) viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 6 000 personar, justert for sesongvariasjonar. Eit endringstal på 6 000 ligg innanfor feilmarginen i AKU. Tal for aldersgruppene 16-24 og 25-74 år viser at det er særleg blant dei unge at veksten i sysselsetjinga har stoppa opp. For tal etter alder sjå Statistikkbanken .
Arbeidsløysa på same nivå
Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i august (gjennomsnitt for juli-september), mot 2,5 prosent i mai (gjennomsnitt for april-juni). Sidan sommaren 2007 har arbeidsløysa svinga mellom 2,4 og 2,6 prosent, og dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak var uendra frå mai til august, justert for sesongvariasjonar. Dei siste tala frå NAV viser ein auke på 3 000 registrerte arbeidslause pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak frå august til september.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar minka med 21 000 frå mai (gjennomsnitt for april-juni) til august (gjennomsnitt for juli-september), justert for sesongvariasjonar.
Aukande arbeidsløyse i USA
I USA gjekk arbeidsløysa opp frå 5,5 til 6,1 prosent frå mai til august. I EU15-landa samla var det ein mindre auke i den same perioden. Til dømes hadde Frankrike ein auke i arbeidsløysa, medan ho gjekk ned i Tyskland. Blant dei skandinaviske landa gjekk arbeidsløysa i Sverige opp, medan det var ein nedgang i Danmark. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal
Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i
"Om statistikken", pkt. 5.3
.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62