Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Uendra arbeidsløyse og sysselsetjing
Arbeidsløysa var stabil frå juni til september, og utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i september 2008. Sysselsetjinga heldt seg også stabil i denne perioden.
Frå juni (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli) til september (gjennomsnitt for august-oktober) viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 8 000 personar, justert for sesongvariasjonar. Eit endringstal på 8 000 ligg innanfor feilmarginen i AKU. Tal for aldersgruppene 16-24 og 25-74 år viser at det er særleg blant dei unge at veksten i sysselsetjinga har stoppa opp sammanlikna med utviklinga fram til første kvartal 2008. For tal etter alder sjå Statistikkbanken .
Arbeidsløysa på same nivå
Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i september (gjennomsnitt for august-oktober), mot 2,6 prosent i juni (gjennomsnitt for mai-juli). Sidan sommaren 2007 har arbeidsløysa svinga mellom 2,4 og 2,6 prosent, og dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 2 000 frå juni til september, justert for sesongvariasjonar. Dei siste tala frå NAV viser ein auke på 2 000 også frå september til oktober.
For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Ved førre publisering blei arbeidsløysa for juni anslått til 2,5 prosent, medan junitalet no er endra til 2,6 prosent. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar auka med 19 000 frå juni (gjennomsnitt for mai-juli) til september (gjennomsnitt for august-oktober), justert for sesongvariasjonar.
Aukande arbeidsløyse i USA og Sverige
I USA gjekk arbeidsløysa opp frå 5,5 til 6,1 prosent frå juni til september, medan ho auka frå 5,8 til 6,3 prosent i Sverige. I Frankrike auka arbeidsløysa noko i same perioden, medan ho gjekk ned i Tyskland og Danmark. Alle dei internasjonal tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal
Føremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i
"Om statistikken"
, punkt 5.3.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62