2048_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2048
6 000 fleire arbeidslause
statistikk
2009-04-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

6 000 fleire arbeidslause

Arbeidsløysa auka med 6 000 personar frå november 2008 til februar 2009. Etter internasjonale tilrådingar er definisjonen av arbeidslause no endra. Dette gjer at arbeidsløysa for februar var 3,1 prosent, og ikkje 3,3 prosent slik ho ville vore utan denne tilpassinga.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Endra definisjon av arbeidslause

EU og ILO (den internasjonale arbeidsorganisasjonen) tilrår at heilt permitterte vert definerte som sysselsette dei første tre månadene av permitteringa og deretter som arbeidslause. I Noreg har dei vore definerte som arbeidslause etter ei veke. Ved ei større omlegging av AKU i 2006 vart dei ikkje-sesongjusterte tala tilpassa dei nye internasjonale tilrådingane. For berekning av sesongjusterte tal trengst ein lengre tidsserie, og tilpassinga av definisjonen vert difor først gjennomført no. Sesongjusterte tal tilbake til 1997 er tilpassa ny definisjon. Det gjeld både for arbeidslause som får eit noko lågare nivå, og sysselsette som får eit tilsvarande høgare nivå.

Den sesongjusterte arbeidsløysa - etter den nye definisjonen - auka frå 2,8 prosent av arbeidsstyrken i november (gjennomsnitt for oktober-desember) til 3,1 prosent i februar (gjennomsnitt for januar-mars), viser arbeidskraftundersøkinga (AKU). Det meste av auken kom blant personar mellom 25 og 74 år.

Talet på registrerte arbeidslause, pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos Nav, auka med 14 000 i den same perioden Også dette talet er justert for sesongvariasjonar.

Den viktigaste årsaka til at oppgangen i arbeidslause er sterkare hos Nav enn det AKU viser, er at AKU reknar ein del av desse personane som sysselsette - mellom anna dei som er heilt permitterte med varigheit inntil tre månader.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Aukande arbeidsløyse i mange land

Arbeidsløysa gjekk opp i mange land frå november til februar. Blant desse landa var USA, Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Stabil sysselsetjing

AKU viser ein nedgang i sysselsetjinga på 4 000 personar (justert for sesongvariasjonar) frå november (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for januar-mars). Dette ligg likevel innanfor feilmarginen, og når ein tek omsyn til feilmarginen, har sysselsetjinga halde seg på same nivået sidan april 2008.

Nedgang i utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar minka med 43 000 frå november til februar. Den store nedgangen kjem mellom anna av at det var fleire inneklemde arbeidsdagar den første veka i januar. Dette kan ha gjort at det blei tatt ut fleire fridagar enn vanleg denne veka.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: