Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa stig framleis
Arbeidsløysa auka frå 2,9 prosent av arbeidsstyrken i desember 2008 til 3,2 prosent i mars 2009. Sysselsetjinga var stabil i same periode.
Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 9 000 personar frå desember (gjennomsnitt for november - januar) til mars (gjennomsnitt for februar - april), viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Det var størst auke blant personar mellom 25 og 74 år.
Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 15 000 i den same perioden. Også dette talet er justert for sesongvariasjonar.
NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no |
Aukande arbeidsløyse også i andre land
Arbeidsløysa gjekk opp i heile EU samt USA. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Stabil sysselsetjing
Sesongjusterte tal viser ein nedgang i sysselsetjinga på 7 000 personar frå desember (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden november - januar) til mars (gjennomsnitt for februar - april). Dette ligg likevel innanfor feilmarginen, og når ein tek omsyn til feilmarginen, har sysselsetjinga halde seg på same nivå sidan april 2008.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar auka med 13 000 frå desember til mars. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering . |
RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62