2042_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2042
Arbeidsmarknaden held seg stabil
statistikk
2009-07-31T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsmarknaden held seg stabil

Både arbeidsløysa og sysselsetjinga heldt seg stabil frå februar til mai. Arbeidsløysa utgjorde i mai 3,1 prosent av arbeidstyrken.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) auka den sesongjusterte arbeidsløysa med 2 000 personar frå februar (gjennomsnitt for januar-mars) til mai (gjennomsnitt for april-juni). Dette ligg innanfor feilmarginen. Som del av den totale arbeidsstyrken heldt arbeidsløysa seg stabil på 3,1 prosent frå februar til mai.

Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 11 000 i den same perioden. Også dette talet er justert for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Aukande arbeidsløyse i andre land

I perioden februar-mai steig arbeidsløysa framleis i EU og USA. Mellom anna steig arbeidsløysa i Sverige frå 7,7 til 8,8 prosent, medan i USA gjekk delen arbeidslause opp frå 8,1 til 9,4 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Stabil sysselsetjing

Frå februar (gjennomsnitt for januar-mars) til mai (gjennomsnitt for april-juni) auka sysselsetjinga med 5 000 personar, noko som ligg innanfor feilmarginen i AKU. Når ein tek omsyn til feilmarginen, har sysselsetjinga halde seg på same nivå sidan mai 2008. Auke i sysselsetjinga i offentleg sektor har motverka nedgangen i nokre næringar i privat sektor.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU kan du finne i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: