2038_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2038
Færre sysselsette og stabil arbeidsløyse
statistikk
2009-09-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre sysselsette og stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa utgjorde i juli 3,0 prosent av arbeidstyrken. Sysselsetjinga syner samstundes ein nedgang frå toppen hausten 2008.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Ifølgje arbeidskraftsundersøkinga (AKU) minka sysselsetjinga med 7 000 personar frå april (gjennomsnitt for mars- mai) til juli (gjennomsnitt for juni-august). Dette ligg isolert sett innanfor feilmarginen i AKU, men er samstundes i tråd med ein fallande trend sidan sysselsetjingstoppen hausten 2008. Størsteparten av nedgangen kjem blant personar mellom 16 og 24 år.

Stabil arbeidsløyse

Den sesongjusterte arbeidsløysa minka med 2 000 personar frå april (gjennomsnitt for mars-mai) til juli (gjennomsnitt for juni-august), ifølgje arbeidskraftundersøkinga (AKU). Nedgangen frå april til juli var på 0,1 prosentpoeng. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Talet på registrerte arbeidslause hos Nav auka med 1 600 personar frå april til juli. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var auken på 4 800 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Når den registrerte arbeidsløysa har synt ein viss vekst gjennom 2009 jamført med meir stabile tal frå AKU, kan det forutan tilfeldige utslag i AKU også ha si årsak i at AKU ikkje like godt fangar opp veksten i arbeidsløysa blant nye grupper av innvandrarar. Jamført med 2008 har begge statistikkane vist ei klår vekst i arbeidsløysa. Men også for denne perioden syner AKU ein lågare vekst enn tala frå Nav. Det er fleire årsaker til at AKU og tala frå Nav syner ulik utvikling for arbeidsløysa, og dette er omtalt nærare i eit eige notat .

Aukande arbeidsløyse i andre land

I perioden april- juli heldt arbeidsløysa fram med å stige i EU og USA. I Frankrike steig arbeidsløysa med 0,6 prosentpoeng, til 9,8 prosent, og I USA gjekk ho opp frå 8,9 til 9,4 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapen (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: