Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar på arbeidsmarknaden
Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå august til november 2010. I november utgjorde dei arbeidslause 3,6 prosent av arbeidsstyrken.
Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 5 000 personar, eller 0,2 prosentpoeng, frå august (gjennomsnitt juli-september) til november (gjennomsnitt oktober-desember). Auken er innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).
Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 4 000 personar i same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.
Arbeidsløysa for september 2010 (gjennomsnitt august-oktober) er blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng, til 3,6 prosent. |
Små endringar i sysselsetjinga
Frå august til november 2010 viser dei sesongjusterte tala ein auke i sysselsetjinga med 10 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom august og november ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 10 000, mens det blei drygt 5 000 fleire arbeidslause personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 16 000 personar.
Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + Sysselsette= Arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga |
Auke i arbeidsløysa i Danmark
I Danmark auka arbeidsløysa med 0,7 prosentpoeng mellom august og november, til 8 prosent. Sverige hadde i same perioden ein nedgang på 0,4 prosentpoeng, til 7,8 prosent. I USA steig arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng i perioden, og i november var 9,8 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i ”Om statistikken” , punkt 5.3. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering . |
RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62