52686_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52686
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2011-02-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Talet på sysselsette personar gjekk opp med 18 000 frå september til desember 2010 viser tal frå arbeidskraftundersøkinga. Arbeidsløysa i desember var 3,4 prosent.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Justert for sesongvariasjonar var det 18 000 fleire personar i arbeid i desember (gjennomsnitt november-januar) enn i september (gjennomsnitt august-oktober). Auken var sterkast blant dei over 25 år.

Små endringar i arbeidsløysa

Den sesongjusterte arbeidsløysa minka med 5 000 personar, eller 0,2 prosentpoeng, frå september til desember 2010. 3,4 prosent av arbeidsstyrken var arbeidslaus i desember. Nedgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Til samanlikning var det inga endring i talet på registrerte arbeidslause hos NAV i same periode. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom september og desember ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 18 000, mens det blei 5 000 færre arbeidslause personar. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 13 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

arbeidslause + sysselsette = arbeidsstyrken

arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i Sverige

I Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,4 prosentpoeng mellom september og desember, til 7,8 prosent. Danmark hadde i same periode ein auke på 0,6 prosentpoeng, til 8,2 prosent. I USA blei arbeidsløysa redusert med 0,2 prosentpoeng i perioden, og i desember var 9,4 prosent av arbeidstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken, punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Tabeller: