52692_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52692
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2011-05-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Talet på sysselsette personar auka med 17 000 frå desember 2010 til mars 2011, viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var i mars 3,3 prosent.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Justert for sesongvariasjonar var det 17 000 fleire sysselsette personar i mars 2011 (gjennomsnitt februar-april) enn i desember 2010 (gjennomsnitt november-januar). Auken kom blant personar over 25 år.

Arbeidsløysa for februar 2011 (gjennomsnitt januar-mars) er revidert opp 0,1 prosentpoeng sidan førre publisering, til 3,2 prosent.

Mindre endringar i arbeidsløysa

Den sesongjusterte arbeidsløysa minka med 0,1 prosentpoeng frå desember til mars. 3,3 prosent av arbeidsstyrken var arbeidslaus i mars. Nedgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 7 000 i same periode. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom desember og mars ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 17 000, mens det blei 2 000 færre arbeidslause personar. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 15 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i USA og Europa

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

I USA blei arbeidsløysa redusert med 0,6 prosentpoeng mellom desember 2010 og mars 2011, til 8,8 prosent. Tyskland hadde i same periode ein nedgang på 0,3 prosentpoeng, til 6,3 prosent. I Frankrike blei arbeidsløysa redusert med 0,1 prosentpoeng, og i mars var 9,5 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eigen publisering.

Tabeller: