52694_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52694
Framleis aukande sysselsetjing
statistikk
2011-06-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis aukande sysselsetjing

Sysselsetjinga auka med 24 000 personar frå januar til april, viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var i april 3,4 prosent.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Justert for sesongvariasjonar var det 24 000 fleire sysselsette personar i april 2011 (gjennomsnitt mars-mai) enn i januar (gjennomsnitt desember-februar). Auken er jamt fordelt på menn og kvinner.

Stabil arbeidsløyse

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 0,1 prosentpoeng, eller 3 000 personar, frå januar til april. 3,4 prosent av arbeidsstyrken var arbeidslaus i april. Oppgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 4 000 i same periode. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom januar og april ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 24 000, mens det blei 3 000 fleire arbeidslause personar. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 27 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Nedgang i arbeidsløysa i Skandinavia

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

I Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,4 prosentpoeng mellom januar og april, til 7,4 prosent. Danmark hadde i same periode ein nedgang på 0,4 prosentpoeng, til 7,2 prosent. I Tyskland blei arbeidsløysa redusert med 0,3 prosentpoeng, og i april var 6,1 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering.

Tabeller: