Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil arbeidsmarknad
Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå februar til mai 2011 viser tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Dei arbeidslause utgjorde 3,3 prosent av arbeidsstyrken i mai, ifølgje sesongjusterte tal.
Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 0,1 prosentpoeng, eller 4 000 personar, frå februar til mai. Sesongjustert var 3,3 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i mai (gjennomsnitt april-juni). Oppgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 4 000 i same periode. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.
Stabil sysselsetjing
Justert for sesongvariasjonar var det 4 000 fleire sysselsette personar i mai 2011 (gjennomsnitt april-juni) enn i februar (gjennomsnitt januar-mars). Oppgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom februar og mai ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på om lag 4 000, mens det blei 4 000 fleire arbeidslause personar. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på i underkant av 8 000 personar. Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga |
Arbeidsløysa går ned i EU15 og opp i USA
I Tyskland blei arbeidsløysa redusert med 0,3 prosentpoeng mellom februar og mai, til 6,1 prosent. Danmark hadde i same periode ein nedgang på 0,2 prosentpoeng, til 7,3 prosent. I USA steig arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng i perioden, og i mai var 9,1 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause.
I EU15-landa sett under eitt var 9,4 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i mai. Det er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå februar. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3. RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62