52698_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52698
Stabil arbeidsløyse og sysselsetjing
statistikk
2011-08-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse og sysselsetjing

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå mars til juni 2011, viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). I juni utgjorde dei arbeidslause 3,3 prosent av arbeidsstyrken sesongjustert.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 1 000 personar frå mars til juni. Sesongjustert var 3,3 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i juni (gjennomsnitt mai-juli). Oppgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 2 000 i same periode, justert for sesongvariasjonar.

Stabil sysselsetjing

Talet på sysselsette personar var uendra frå mars 2011 (gjennomsnitt februar-april) til juni (gjennomsnitt mai-juli), justert for sesongvariasjonar. Det er 25 000 fleire sysselsette personar samanlikna med eit år tidlegare.

 

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom mars og juni ser vi ein uendra sysselsetjing, mens det blei 1 000 fleire arbeidslause personar. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 1 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidsløysa opp i USA og ned i fleire EU-land

Danmark hadde ein nedgang i arbeidsløysa på 0,3 prosentpoeng frå mars til juni, og i juni var 7,2 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. I Tyskland og Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,2 prosentpoeng i same periode. Arbeidsløysa i Tyskland var 6,1 prosent i juni, mens den i Sverige var 7,5 prosent. I USA steig arbeidsløysa med 0,4 prosentpoeng frå mars til juni, og i juni var 9,2 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. I EU15-landa sett under eitt var arbeidsløysa 9,4 prosent i juni, uendra frå mars i år. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering.

Tabeller: