52700_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52700
Små endringar på arbeidsmarknaden
statistikk
2011-09-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar på arbeidsmarknaden

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå april til juli 2011. I juli utgjorde dei arbeidslause 3,2 prosent av arbeidsstyrken, ifølgje sesongjusterte tal.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 6 000 personar, eller 0,2 prosentpoeng, frå april til juli 2011, syner arbeidskraftundersøkinga (AKU). Nedgangen ligg innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU. Sesongjustert var 3,2 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i juli (gjennomsnitt juni-august).

Til samanlikning minka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med 1 000 i same periode, justert for sesongvariasjonar.

Små endringar i sysselsetjinga

Talet på sysselsette auka med 7 000 personar frå april (gjennomsnitt mars-mai) til juli 2011 (gjennomsnitt juni-august), justert for sesongvariasjonar. Dette ligg innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom april og juli ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på drygt 7 000, mens vi har ein nedgang i talet på arbeidslause på snautt 6 000. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på snautt 2 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidsløysa ned i Danmark og opp i Frankrike

Danmark hadde ein nedgang i arbeidsløysa på 0,2 prosentpoeng frå april til juli, og i juli var 7,1 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. I Frankrike auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng i same periode. Arbeidsløysa i Frankrike var 9,9 prosent av arbeidsstyrken i juli. I USA steig arbeidsløysa med 0,1 prosentpoeng frå april til juli, og i juli var 9,1 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause. I EU15-landa sett under eitt var arbeidsløysa 9,5 prosent i juli, opp 0,1 prosentpoeng frå april i år. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering.

Tabeller: