Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i sysselsetjinga
Talet på sysselsette auka med 22 000 frå mai til august 2011, viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var i august 3,2 prosent av arbeidsstyrken.
Det var 22 000 fleire sysselsette personar i august (gjennomsnitt juli-september) enn i mai 2011 (gjennomsnitt april-juni), justert for sesongvariasjonar. Veksten i sysselsetjinga fordelte seg jamt mellom menn og kvinner, men var sterkast for dei under 25 år.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom mai og august ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 22 000, mens det blei 1 000 færre arbeidslause. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 21 000 personar. Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga |
Stabil arbeidsløyse
Frå mai til august syner AKU at den sesongjusterte arbeidsløysa minka med 1 000 personar, eller 0,1 prosentpoeng. Nedgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV med om lag 1 000 personar i same periode. Også desse tala er sesongjusterte.
Arbeidsløysa ned i Sverige og Danmark
I Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,3 prosentpoeng mellom mai og august, til 7,4 prosent. Også Danmark hadde i same periode ein nedgang på 0,3 prosentpoeng, til 7,1 prosent.
I EU15-landa sett under eitt var 9,5 prosent av arbeidsstyrken ledige i august, same nivå som i mai. Arbeidsløysa i USA var også stabil på 9,1 prosent i same periode. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3. RevisjonFor kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62