52704_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52704
Framleis aukande sysselsetjing
statistikk
2011-11-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis aukande sysselsetjing

Talet på sysselsette auka med 18 000 frå juni til september 2011, syner arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa heldt seg stabil i same periode.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Det var 18 000 fleire sysselsette personar i september (gjennomsnitt august-oktober) enn i juni 2011 (gjennomsnitt mai-juli), justert for sesongvariasjonar. Auken i sysselsetjinga var sterkast blant dei under 25 år. I september utgjorde dei arbeidslause 3,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juni og september var det ein oppgang i sysselsetjinga på 18 000, mens det blei 1 000 fleire arbeidslause. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 19 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Framleis stabil arbeidsløyse

AKU syner at den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 1 000 personar frå juni til september. Dette ligg innanfor feilmarginen. Arbeidsløysa på 3,3 prosent av arbeidsstyrken utgjorde 87 000 personar.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV med om lag 1 000 personar i same periode. Også desse tala er sesongjusterte.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Oppgang i arbeidsløysa i EU15

I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2007 og 2004, auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng frå juni til september, til 9,7 prosent. USA hadde i same periode ein nedgang på 0,1 prosentpoeng, til 9,1 prosent.

I Sverige blei arbeidsløysa redusert med 0,2 prosentpoeng mellom juni og september, til 7,2 prosent av arbeidsstyrken. I same periode hadde Danmark ein nedgang på 0,1 prosentpoeng, til 7,1 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eigen publisering.

Tabeller: