52706_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
52706
Auke i sysselsetjinga
statistikk
2011-12-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i sysselsetjinga

Sysselsetjinga auka med 20 000 personar frå juli til oktober 2011, den største auken kom blant dei under 25 år.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2011. Prosent av arbeidsstyrken

Justert for sesongvariasjonar var det 20 000 fleire sysselsette personar i oktober 2011 (gjennomsnitt av september-november) enn i juli (gjennomsnitt juni-august). Det viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Auken i sysselsetjinga var sterkast blant dei under 25 år, med over halvparten av auken.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juli og oktober var det ein oppgang i sysselsetjinga på 20 000, mens det blei 6 000 fleire arbeidslause. Dette gir ein netto auke i arbeidsstyrken på 26 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidsløysa på 3,3 prosent

Den sesongjusterte arbeidsløysa var på 3,3 prosent av arbeidsstyrken i oktober, dette tilsvarte 89 000 personar. Frå juli til oktober syner AKU at arbeidsløysa gjekk opp med 6 000 personar, som ligg innanfor feilmarginen.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar i same periode. Også desse tala er sesongjusterte.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2011. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2011. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsløysa opp i Danmark

I Danmark auka arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng frå juli til oktober, til 7,7 prosent. I Sverige var 7,5 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause i oktober, samanlikna med 7,4 prosent i juli. Tyskland hadde ein nedgang på 0,4 prosentpoeng i same periode, til 5,5 prosent.

I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng frå juli til oktober, til 9,8 prosent av arbeidsstyrken. USA hadde ein nedgang i arbeidsløysa, frå 9,1 prosent i juli til 9,0 prosent i oktober. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

Revisjon

For kvar nymånad blir heilt tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering.

Tabeller: