Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis aukande sysselsetjing
Talet på sysselsette auka med 23 000 frå november i fjor til februar i år, viser arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var 3,2 prosent i februar.
Det var 23 000 fleire sysselsette i februar 2012 (gjennomsnitt av januar-mars) enn i november 2011 (gjennomsnitt av oktober-desember). Tala er justerte for sesongvariasjonar. Sjølv om folkemengda auka i den same perioden, ga veksten i talet på sysselsette også ein auke i sysselsetjingsprosenten. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette oppgitt som prosent av befolkninga.
Tidlegare omhandla dei sesongjusterte tala personar i alderen 16-74 år, men den nedre aldersgrensa er no senka til 15 år. For meir informasjon om endringane, sjå tekstboks.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå november 2011 til februar 2012 var det ein oppgang i sysselsetjinga på 23 000, mens talet på arbeidslause gjekk ned med 5 000. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 18 000 personar. Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga |
Arbeidsløyse på 3,2 prosent
Justert for sesongvariasjonar utgjorde dei arbeidslause 3,2 prosent av arbeidsstyrken i februar 2012. Dette svarte til 85 000 personar, 5 000 færre enn i november 2011. Nedgangen ligg innanfor feilmarginen i AKU. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 2 000 i løpet av den same perioden. Dessa tala er også justerte for sesongvariasjonar.
Framleis relativt låg arbeidsløyse i Tyskland
Arbeidsløysa i Tyskland har i dei siste par åra vore lågare enn gjennomsnittet for EU15. EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007. I februar i år utgjorde dei arbeidslause i Tyskland 5,7 prosent av arbeidsstyrken, same nivå som i november 2011. Til samanlikning var arbeidsløysa i EU15 10,3 prosent1- 0,2 prosentpoeng meir enn i november i fjor. Frankrike hadde ei arbeidsløyse på 10 prosent i februar, opp frå 9,8 prosent i november. I USA gjekk utviklinga andre vegen, ned 0,4 prosentpoeng til 8,3 prosent i februar.
I både Danmark og Sverige auka arbeidsløysa med 0,1 prosentpoeng frå november 2011 til februar 2012. I februar var 7,9 prosent av den danske arbeidsstyrken arbeidslause, det tilsvarande talet i Sverige var 7,5 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Metodeforbetringar - inkluderer no også 15-åringaneAKU gjennomgjekk ei omlegging i 2006 , der ei av endringane var å senke nedre aldersgrense for å inngå i undersøkinga frå 16 til 15 år. For å unngå brot i tidsserien for dei sesongjusterte tala har vi fram til no handtert omlegginga i 2006 ved ikkje å ha med 15-åringane i sesongjusteringa. Dei sesongjusterte tala dekte altså personar i aldersgruppa 16-74 år. Frå no av er 15-åringane også inkluderte i dei sesongjusterte tala, slik at populasjonen er personar 15-74 år i tidsseriar frå og med 2006. Ny metode for sesongjustering av AKU gir om lag same bilete for utviklinga i arbeidsløysa og sysselsetjinga. Arbeidsløyseprosenten for januar 2012 (gjennomsnitt av desember-februar) blir til dømes lik med ny metode og aldersavgrensing (15-74 år) som med gamal metode og aldersavgrensing (16-74 år). Med ny metode og aldersavgrensing gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng frå oktober 2011 (gjennomsnitt september-november) til januar 2012 (gjennomsnitt av desember-februar). Med gamal metode og aldersavgrensing gjekk ho ned med 0,2 prosentpoeng. Denne forskjellen er klart innanfor feilmarginen i AKU. Etter 2006 gir ny metode og aldersavgrensing mindre svingingar rundt trenden. For meir informasjon om sesongjusteringsmetoden, les Om statistikken (kap. 3.6) og Om sesongjustering . |
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3. For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalt i ei eiga publisering . |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62