84045_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84045
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2012-06-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Sysselsetjinga auka med 21 000 personar frå januar til april 2012. Dei arbeidslause utgjorde 3 prosent av arbeidsstyrken i april.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Frå januar (gjennomsnitt av desember-februar) til april 2012 (gjennomsnitt av mars-mai) auka talet på sysselsette med 21 000 personar, justert for sesongvariasjonar. Veksten i sysselsetjinga fordelte seg jamt mellom kvinner og menn.

Veksten i talet på sysselsette ga også ein auke i sysselsetjingsprosenten. Den gjekk opp frå 69,4 prosent i januar til 69,7 prosent i april. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga.

Arbeidsløyse på 3 prosent

Den sesongjusterte arbeidsløysa var på 3 prosent av arbeidsstyrken i april. Dette svarte til 81 000 personar, og er ein nedgang på 6 000 frå januar. Denne endringa er innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 personar frå januar til april. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå januar til april 2012 var det ein oppgang i sysselsetjinga på 21 000, mens talet på arbeidslause gjekk ned med 6 000. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 15 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Framleis nedgang i arbeidsløysa i USA

I april utgjorde dei arbeidslause i USA 8,1 prosent av arbeidsstyrken, ned 0,2 prosentpoeng frå januar. I EU15 var arbeidsløysa 10,4 prosent i april, opp 0,2 prosentpoeng frå januar. EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007. Det er store skilnader mellom fleire av landa i denne gruppa. I april utgjorde dei arbeidslause 5,4 prosent av arbeidsstyrken i Tyskland, 10,2 prosent både i Frankrike og i Italia, og 24,3 prosent i Spania.

I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 7,6 prosent i januar til 7,4 prosent i april. På same tid gjekk utviklinga andre vegen i Danmark, opp 0,2 prosentpoeng til 7,6 prosent.

Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalt i ei eigen publisering .

Tabeller: