84047_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84047
Stabil arbeidsmarknad
statistikk
2012-08-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsmarknad

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå februar til mai 2012. I mai utgjorde dei arbeidslause 3 prosent av arbeidsstyrken.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 3 000 personar, eller 0,1 prosentpoeng, frå februar (gjennomsnitt av januar-mars) til mai (gjennomsnitt av april-juni). Dette er innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra i den same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Små endringar i sysselsetjinga

Frå februar til mai 2012 viser dei sesongjusterte tala ein auke i sysselsetjinga på 13 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Auken er likevel i tråd med ein signifikant vekst i sysselsetjinga i heile det siste året.

Sysselsetjingsprosenten var 69,5 i mai, uendra frå februar. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå februar til mai 2012 syner AKU at det var ein oppgang i sysselsetjinga på 13 000, mens talet på arbeidslause gjekk ned med 3 000. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 10 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000


Oppgang i arbeidsløysa i EU15

I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng frå februar til mai 2012, til 10,4 prosent. USA hadde i same perioden ein nedgang i arbeidsløysa på 0,1 prosentpoeng, til 8,2 prosent.

I mai utgjorde dei arbeidslause 7,8 prosent av arbeidsstyrken både i Danmark og Sverige. I begge landa gjekk dermed arbeidsløysa opp samanlikna med februar, med høvesvis 0,2 og 0,3 prosentpoeng. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

Tabeller: