84049_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84049
Små endringar på arbeidsmarknaden
statistikk
2012-08-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar på arbeidsmarknaden

Arbeidsmarknaden heldt seg stabil frå mars til juni 2012. I juni utgjorde dei arbeidslause 3,0 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa i juni (gjennomsnitt av mai-juli) låg på 3,0 prosent av arbeidsstyrken og svarte til 82 000 personar. Dette var uendra frå mars (gjennomsnitt av februar-april). Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 2 000 personar i løpet av den same perioden. Desse tala er også justerte for sesongvariasjonar.

Stabil sysselsetjing

Talet på sysselsette, justert for sesongvariasjonar, auka med 6 000 personar frå mars til juni. Auken er innanfor feilmarginen i arbeidskraftundersøkinga (AKU), men likevel i tråd med ein signifikant vekst i sysselsetjinga det siste året. Frå mars til juni auka befolkninga meir enn det AKU viser at talet på sysselsette auka, slik at sysselsetjingsprosenten gjekk ned frå 69,5 til 69,4. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå mars til juni 2012 syner AKU at det var ein oppgang i sysselsetjinga på 6 000, mens talet på arbeidslause var uendra. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 6 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Oppgang i arbeidsløysa i Sverige og Danmark

Frå mars til juni auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng i Sverige og med 0,4 prosentpoeng i Danmark. I juni var dermed arbeidsløysa 7,5 prosent i Sverige og 8,0 prosent i Danmark. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, auka arbeidsløysa frå 10,4 prosent i mars til 10,6 prosent i juni. I USA var arbeidsløysa uendra på 8,2 prosent i den same perioden. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

Tabeller: