84051_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
84051
Stabil arbeidsløyse og sysselsetting
statistikk
2012-09-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse og sysselsetting

Det var berre små endringar på arbeidsmarknaden frå april til juli. Arbeidsløysa i juli utgjorde 3,0 prosent av arbeidsstyrken.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Den sesongjusterte arbeidsløysa i juli (gjennomsnitt av juni-august) svarte til 81 000 personar. Dette var uendra frå april (gjennomsnitt av mars-mai). Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 1 000 personar i den same perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Framleis stabil sysselsetting

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) syner at talet på sysselsette gjekk ned med 4 000 personar frå april til juli, justert for sesongvariasjonar. Nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU. Den stabile sysselsettinga som vi har sett dei siste par månadene, representerer eit brot med ein om lag toårig auke i sysselsettinga.

Frå april til juli auka befolkninga medan sysselsettinga heldt seg stabil, slik at sysselsettingsprosenten gjekk ned frå 69,6 til 69,2 prosent. Sysselsettingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga mellom 15 og 74 år.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå april til juli 2012 syner AKU at det var ein nedgang i sysselsettinga på 4 000, medan talet på arbeidslause var uendra. Dette gir ein nedgang i arbeidsstyrken på 4 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Oppgang i arbeidsløysa i USA

I USA auka arbeidsløysa frå 8,1 prosent i april til 8,3 prosent i juli. I EU15 gjekk arbeidsløysa opp frå 10,5 prosent til 10,6 prosent i same periode1. EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007. Frå april til juli gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng både i Sverige og Danmark. I juli var dermed arbeidsløysa 7,5 prosent i Sverige og 7,9 prosent i Danmark. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Sysselsetting og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsettinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

1  I statistikkpubliseringene for februar og mars 2012 brukte vi tal for Euro15 i staden for EU15. Feilen er nå retta opp

Tabeller: