Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Aukande arbeidsløyse
Frå juli til oktober auka arbeidsløysa med 8 000 personar, og utgjorde 2,7 prosent av arbeidsstyrken i oktober 2008. Sysselsetjinga heldt seg stabil i den same perioden.
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at veksten i sysselsetjinga har stansa opp. Frå juli (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august) til oktober (gjennomsnitt for september-november) viser AKU rett nok ein auke i sysselsetjinga på 6 000 personar, justert for sesongvariasjonar, men dette ligg innanfor feilmarginen. Når ein tek omsyn til feilmarginen, har det ikkje vore vekst i sysselsetjinga sidan april 2008. Veksten i sysselsetjinga stansa først for aldersgruppa 16-24 år, men har no også stansa for aldersgruppa 25-74 år. For tal etter alder sjå Statistikkbanken .
Fleire arbeidslause
Arbeidsløysa, sesongjustert, auka frå 2,4 prosent av arbeidsstyrken i juli (gjennomsnitt for juni-august) til 2,7 prosent i oktober (gjennomsnitt for september-november). Denne auken utgjorde 8 000 personar. Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 5 000 frå juli til oktober, justert for sesongvariasjonar.
NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no |
For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Ved den førre publiseringa blei arbeidsløysa for september estimert til 2,5 prosent, medan septembertalet no er endra til 2,6 prosent. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar minka med 2 000 frå juli til oktober, noko som ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Aukande arbeidsløyse i mange land
I USA gjekk arbeidsløysa opp frå 5,7 til 6,5 prosent frå juli til oktober, medan ho auka frå 5,9 til 6,7 prosent i Sverige. Arbeidsløysa auka også noko i Frankrike og Danmark i den same perioden, medan ho heldt seg stabil i Tyskland. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal
Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i
"Om statistikken"
, punkt 5.3.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62