Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i arbeidsløysa
Frå august til november auka arbeidsløysa med 13 000 personar, og utgjorde 2,9 prosent av arbeidsstyrken i november 2008. Sysselsetjinga heldt seg stabil i den same perioden.
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at veksten i sysselsetjinga har stansa opp. Frå august (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden juli - september) til november (gjennomsnitt for oktober - desember) viser AKU ein nedgang i sysselsetjinga på 3 000 personar, justert for sesongvariasjonar, men dette ligg innanfor feilmarginen. Når ein tek omsyn til feilmarginen har det ikkje vore vekst i sysselsetjinga sidan april 2008. Veksten i sysselsetjinga stansa først for aldersgruppa 16-24 år, men har no også stansa for aldersgruppa 25-74 år. For tal etter alder sjå Statistikkbanken .
Høgare arbeidsløyse
Arbeidsløysa, sesongjustert, auka frå 2,4 prosent av arbeidsstyrken i august (gjennomsnitt for juli - september) til 2,9 prosent i november (gjennomsnitt for oktober - desember). Denne auken utgjorde 13 000 personar. Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 8 000 frå august til november, justert for sesongvariasjonar.
NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no |
Aukande arbeidsløyse i mange land
Arbeidsløysa gjekk opp i mange land frå august til november, mellom anna i USA, Sverige, Danmark og Frankrike, medan ho heldt seg stabil i Tyskland. Alle dei internasjonal tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .
Utførte vekeverk
Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar minka med 1 000 frå august til november, noko som ligg innanfor feilmarginen i AKU.
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . |
Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar For å redusera den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering . |
RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Ved førre publisering blei for eksempel arbeidsløysa for september estimert til 2,6 prosent, medan septembertalet no er endra til 2,5 prosent. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62