2052_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
2052
Arbeidsløysa 3,0 prosent
statistikk
2009-02-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,0 prosent

Frå september til desember auka arbeidsløysa med 12 000 personar, og utgjorde 3,0 prosent av arbeidsstyrken i desember 2008. Sysselsetjinga heldt seg på same nivå frå september til desember.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidsløysa (sesongjustert) auka frå 2,5 prosent av arbeidsstyrken i september (gjennomsnitt for august-oktober) til 3,0 prosent i desember (gjennomsnitt for november-januar), viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Denne auken utgjorde 12 000 personar. Det meste av auken kom blant personar mellom 25 og 74 år.

Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos NAV auka med 10 000 i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Aukande arbeidsløyse i mange land

Arbeidsløysa gjekk opp i mange land frå september til desember. Blant desse landa var USA, Sverige, Danmark og Frankrike. I Tyskland heldt arbeidsløysa seg stabil. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Stabil sysselsetjing

Frå september (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober) til desember (gjennomsnitt for november-januar) viser AKU ein oppgang i sysselsetjinga på 3 000 personar (justert for sesongvariasjonar), men dette ligg innanfor feilmarginen. Når ein tek omsyn til feilmarginen har sysselsetjinga halde seg på same nivå sidan mai 2008. Veksten i sysselsetjinga stansa først for aldersgruppa 16-24 år, men har no også stansa blant dei mellom 25 og 74 år. For tal etter alder sjå Statistikkbanken .

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar minka med 58 000 frå september til desember. Den store nedgangen kjem mellom anna av at det var fleire inneklemde arbeidsdagar den første veka i januar. Dette kan ha gjort at det blei teke ut fleire fridagar enn vanleg denne veka.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar For å redusera den statistiske usikkerheita er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: