Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i sysselsetjinga
Veksten i sysselsetjinga heldt fram frå september til desember 2011 viser tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa heldt seg stabil på 3,3 prosent i same periode.
Justert for sesongvariasjonar var det 16 000 fleire i arbeid i desember (gjennomsnitt november-januar) enn i september (gjennomsnitt av august-oktober) i fjor. Auken er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med trenden gjennom heile fjoråret.
Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom september og desember viser tala frå AKU ein oppgang i sysselsetjinga på 16 000, mens talet på arbeidslause var uendra. Dette gir ein auke i arbeidsstyrken på 16 000 personar. Samanheng mellom omgrepaArbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga |
Stabil arbeidsløyse
Den sesongjusterte arbeidsløysa heldt seg stabil på 3,3 prosent i perioden september til desember 2011. I desember var 87 000 personar arbeidslause, talet er uendra frå september. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 personar løpet av perioden. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.
Framleis nedgang i arbeidsløysa i USA og Tyskland
I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 9 prosent av arbeidsstyrken i september til 8,5 prosent i desember. Tyskland hadde også ein nedgang i arbeidsløysa i perioden, frå 5,8 til 5,5 prosent. I Frankrike var arbeidsløysa på 9,9 prosent i desember i fjor, ein auke på 0,2 prosentpoeng frå september. I Spania utgjorde dei arbeidslause 22,9 prosent av arbeidsstyrken i desember 2011, opp 0,5 prosentpoeng frå september. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, var arbeidsløysa på 9,9 prosent i desember 2011.
I både Sverige og Danmark auka arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng frå september til desember 2011. Dei arbeidslause utgjorde 7,5 prosent av arbeidsstyrken i Sverige i desember, og 7,8 prosent i Danmark. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .
Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busetteAKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald . Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talFøremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året reinska for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3. RevisjonFor kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal. Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62