65397_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
65397
Fleire i arbeid
statistikk
2012-03-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2012

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i anna publisering, sjå lenke til Arbeidskraftsundersøkelsen

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire i arbeid

Talet på sysselsette auka med 19 000 personar frå oktober 2011 til januar 2012, syner arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2012. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Justert for sesongvariasjonar var det 19 000 fleire i arbeid i januar 2012 (gjennomsnitt desember - februar) enn i oktober (gjennomsnitt av september - november) i fjor.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette. Frå oktober 2011 til januar 2012 viser tala frå AKU ein oppgang i sysselsetjinga på 19 000, mens talet på arbeidslause gjekk ned med 3 000. Det gir ein auke i arbeidsstyrken på 16 000 personar.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

 

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2012. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsløyse på 3,2 prosent

Justert for sesongvariasjonar var det 3 000 færre arbeidslause personar i januar 2012 (gjennomsnitt desember - februar) enn i oktober 2011 (gjennomsnitt september - november). Auken er innanfor feilmarginen i arbeidskraftundersøkinga (AKU). Registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 3 000 personar frå oktober 2011 til januar 2012, syner sesongjusterte tal.

Arbeidsløysa ned i USA, men opp i EU15

I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 8,9 prosent av arbeidsstyrken i oktober 2011 til 8,3 prosent i januar 2012. I Tyskland var arbeidsløysa uendra på 5,8 prosent. Frankrike hadde i januar i år ei arbeidsløyse på 10 prosent. Det er ein auke på 0,3 prosentpoeng frå oktober 2011. I Spania utgjorde dei arbeidslause heile 23,3 prosent av arbeidsstyrken i januar 2012, opp 0,5 prosentpoeng frå oktober i fjor.

EU15 består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007. Totalt i desse landa var arbeidsløysa 10,2 prosent i januar 2012, opp 0,3 prosentpoeng frå oktober i fjor.

I Sverige og Danmark auka arbeidsløysa med høvesvis 0,1 og 0,2 prosentpoeng frå oktober 2011 til januar 2012. Dei arbeidslause utgjorde såleis i januar 7,6 prosent av arbeidsstyrken i Sverige, og 7,9 prosent i Danmark.

Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette i mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette rekna med i talet på sysselsette, så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår det difor ut som en reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Tabeller: