91688_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
91688
Auke i sysselsetjinga
statistikk
2013-01-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen for oktober 2012 gir en oversikt over arbeidsledigheten i Norge og hvor mange som jobber. Tallene viser vekst i antall sysselsatte.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i sysselsetjinga

Talet på sysselsette auka med 18 000 frå juli til oktober 2012. Dei arbeidslause utgjorde 3,2 prosent av arbeidsstyrken i oktober.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2006-2012. I prosent av arbeidsstyrken

Det var 18 000 fleire sysselsette personar i oktober (gjennomsnitt av september-november) enn i juli (gjennomsnitt av juni-august) 2012, justert for sesongvariasjonar. I same periode auka befolkninga mellom 15 og 74 år med 17 000 personar, slik at sysselsetjingsprosenten auka frå 69,1 til 69,3 prosent. Sysselsetjingsprosenten er sysselsette i prosent av befolkninga 15-74 år.

Auken i talet på sysselsette kom hovudsakleg blant dei over 24 år. Veksten i sysselsetjinga gjennom 2012 er lågare enn veksten frå midten av 2010 til utgangen av 2011.

Mindre endringar i arbeidsløysa

Den sesongjusterte arbeidsløysa har vore uendra det siste halvåret. I oktober utgjorde dei 87 000 arbeidslause 3,2 prosent av arbeidsstyrken. Dette var 5 000 fleire enn i juli, ei endring som er innanfor feilmarginen i arbeidskraftundersøkinga (AKU). Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 personar i same periode.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå juli til oktober 2012 viser AKU at talet på sysselsette gjekk opp med 18 000 og at talet på arbeidslause auka med 5 000. Talet på personar i arbeidsstyrken gjekk dermed opp med 23 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 2006-2012. Prosent av arbeidsstyrken

Arbeidsløysa ned i USA, opp i EU15

I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 8,3 prosent i juli til 7,9 prosent i oktober 2012. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,7 prosent i juli til 10,9 prosent i oktober. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom landa i EU15. Medan arbeidsløysa i Tyskland var på 5,4 prosent i oktober, utgjorde dei arbeidslause i Spania 26,2 prosent av arbeidsstyrken der. I Sverige var arbeidsløysa 7,7 prosent i oktober, opp 0,2 prosentpoeng frå juli. Også i Danmark var arbeidsløysa 7,7 prosent i oktober, men der var dette uendra samanlikna med juli. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår dette difor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

 

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken , punkt 5.3.

 

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

 

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .

Tabeller: