92242_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
92242
Arbeidsløysa 3,6 prosent
statistikk
2013-04-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,6 prosent

Det var 97 000 som var arbeidslause i januar 2013. Dette utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrken, ifølgje tal frå arbeidskraftundersøkinga som er justert for sesongvariasjonar.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Januar 2013Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar97 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken3,60,3
 
Sysselsette personar2 593 000-11 000
I prosent av befolkninga68,7-0,5

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 9 000 fleire arbeidslause personar i januar 2013 (gjennomsnitt av desember-februar) enn i oktober 2012 (gjennomsnitt av september-november). Talet er justert for sesongvariasjonar, og oppgangen er innanfor feilmarginen.

Stabil sysselsetting

AKU viser at sysselsettinga gjekk ned med 11 000 personar frå oktober 2012 til januar 2013, talet er justert for sesongvariasjonar. Sidan juni 2012 har talet på sysselsette berre vist variasjonar som er innanfor feilmarginen til AKU. Dette representerer eit brot med ein om lag to år lang auke i sysselsettinga før den tid.

Frå oktober 2012 til januar 2013 auka befolkninga med 14 000 personar i aldersgruppa 15-74 år. Sysselsettingsprosenten, som er sysselsette i prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, gjekk dermed ned frå 69,2 prosent i oktober 2012 til 68,7 prosent i januar.

11 prosent arbeidslause i EU15-området

I Danmark gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp frå 7,3 prosent i oktober til 7,4 prosent i januar. I Sverige var arbeidsløysa uendra på 8,0 prosent i den same perioden. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,9 prosent i oktober til 11,0 prosent i januar. Det er store skilnader mellom fleire av landa i EU15. I Frankrike auka arbeidsløysa frå 10,4 prosent i oktober 2012 til 10,6 prosent januar 2013. I januar utgjorde dei arbeidslause 5,3 prosent av arbeidsstyrken i Tyskland og 26,2 prosent i Spania. I USA var arbeidsløysa på 7,9 prosent i januar, uendra sidan oktober. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetting og arbeidsløyse berre blant busetteÅpne og lesLukk

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil AKU derfor ikkje vise fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert derimot sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette, så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. I tillegg blir tal for sysselsette og arbeidslause som ikkje er busette i Noreg, årleg publisert i ein eigen statistikk, sjå sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald.