Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil arbeidsløyse
Dei 96 000 arbeidslause i februar 2014 svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Begge tala er uendra frå november 2013.
Februar 2014 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 96 000 | 0 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,5 | 0,0 |
Sysselsette personar | 2 619 000 | -3 000 |
I prosent av befolkninga | 68,4 | -0,3 |
![Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/174577.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=145ac79f548)
![Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/174579.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=145ac7b8f70)
![Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/174583.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=145ac7cdf60)
![Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/174587.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=145ac7e1fb0)
Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,5 prosent i februar 2014 (gjennomsnitt av januar-mars), uendra frå november 2013 (gjennomsnitt av oktober-desember). Heilt sidan AKU i siste halvdelen av 2012 viste ein auke frå eit nivå rundt 3,1 prosent til 3,5 prosent, har arbeidsløyseprosenten vore på dette nivået eller variert innanfor feilmarginen .
Dei sesongjusterte AKU-tala viser uendra tal på arbeidslause frå november 2013 til februar 2014. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var også uendra i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Uendra tal på sysselsette
Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 3 000 frå november 2013 til februar 2014, ei endring som er innanfor feilmarginen. Dei sysselsette i februar 2014 utgjorde 68,4 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, ned 0,3 prosentpoeng frå november 2013.
Talet på sysselsette har berre variert innanfor feilmarginen sidan hausten 2013. I løpet av dette halvåret har trenden vore auke i talet på sysselsette blant dei i alderen 25-74 år og små endringar eller nedgang blant dei under 25 år.
Arbeidsløysa ned i Tyskland, opp i Frankrike
I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 5,1 prosent av arbeidsstyrken i februar 2014, ned 0,1 prosentpoeng frå november året før. Arbeidsløysa i Tyskland har gradvis gått ned dei siste åra, frå eit nivå på rundt 8 prosent i 2009. I Frankrike har utviklinga gått andre vegen. Der var arbeidsløysa 10,4 prosent i februar 2014, opp 0,2 prosentpoeng frå november 2013 og opp frå eit nivå på rundt 9 prosent i 2009.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62
-
Ole Sandvik
E-post: ole.sandvik@ssb.no
tlf.: 99 04 82 06