Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa 3,3 prosent
I mars var det 91 000 arbeidslause, noko som svarte til 3,3 prosent av arbeidsstyrken.
Mars 2014 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 91 000 | -9 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,3 | -0,3 |
Sysselsette personar | 2 629 000 | 6 000 |
I prosent av befolkninga | 68,6 | 0,0 |
![Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/178767.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=1461d8e3730)
![Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/178760.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=1461dc2ef48)
![Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/178763.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=1461dc3e178)
![Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/178765.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=1461dc42bb0)
Ifølgje sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) var arbeidsløysa på 3,3 prosent i mars 2014 (gjennomsnitt av februar-april), ned 0,3 prosentpoeng frå desember 2013 (gjennomsnitt av november-januar). Denne endringa er innanfor feilmarginen .
AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk ned med 9 000 frå desember 2013 til mars 2014, men endringa er som nemnt innanfor feilmarginen. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Stabil sysselsetting
Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ifølge AKU opp med 6 000 frå desember 2013 til mars 2014, ei endring som isolert sett er innanfor feilmarginen. Endringa er likevel i tråd med utviklinga siste året. Frå mars 2013 til mars 2014 har talet på sysselsette auka med 34 000. Dei sysselsette i mars 2014 utgjorde 68,6 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, uendra frå desember og mars 2013.
Talet på sysselsette har berre variert innanfor feilmarginen sidan hausten 2013. I dette halvåret har trenden vore ein auke i talet på sysselsette blant dei i alderen 25-74 år og små endringar eller nedgang blant dei under 25 år.
Arbeidsløysa ned i Danmark
I Danmark utgjorde dei arbeidslause 6,5 prosent av arbeidsstyrken i mars 2014, ned 0,6 prosentpoeng frå desember 2013. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i same perioden, til 8,1 prosentpoeng i mars. I EU15 var arbeidsløysa på 10,8 prosent i mars, ned 0,1 prosentpoeng frå desember 2013.
I heile 2013 har arbeidsløysa lege på om lag 11 prosent i EU15, men med store skilnader mellom landa. I Spania, Frankrike og Tyskland har arbeidsløysa lege rundt høvesvis 26, 10 og 5 prosent i heile 2013. I Storbritannia gjekk arbeidsløysa ned frå om lag 8 til 7 prosent i løpet av 2013.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62