146388_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146388
Arbeidsløyse på 3,7 prosent
statistikk
2014-11-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,7 prosent i september 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløyse på 3,7 prosent

I september var det 100 000 arbeidslause, som utgjorde 3,7 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
September 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar100 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken3,70,3
 
Sysselsette personar2 640 0007 000
I prosent av befolkninga68,40,0

Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,7 prosent av arbeidsstyrken i september (gjennomsnitt av august-oktober). Samanlikna med juni (gjennomsnitt av mai-juli) er dette ein oppgang på 0,3 prosentpoeng, eller 9 000 personar. Auken er innanfor feilmarginen. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i løpet av den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 7 000 frå juni til september. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. Frå september 2013 til september 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 20 000. Denne auken kom blant personar som er 25 år og eldre. Når det gjeld dei under 25 år, har det vore ein nedgang.

I september 2014 utgjorde dei sysselsette 68,4 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, som er ein reduksjon på 0,4 prosentpoeng frå september 2013 , men det same nivået som i juni 2014.

Arbeidsløysa ned i USA

Ifølge sesongjusterte tal gjekk arbeidsløysa i USA ned frå 6,1 prosent i juni til 5,9 prosent i september. Også EU hadde nedgang i arbeidsløysa i den perioden, ned 0,1 prosentpoeng til 10,1 prosent i september. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa i EU-landa. I september var til dømes arbeidsløyseprosenten på 5,0 i Tyskland, 6,5 i Nederland, 10,5 i Frankrike, 12,6 i Italia og 24,0 i Spania.

I Sverige gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned frå 8,0 prosent i juni til 7,8 prosent i september. I den same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark opp med 0,1 prosentpoeng, til 6,6 prosent.