146394_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
146394
Arbeidsløysa 3,8 prosent
statistikk
2014-12-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 3,8 prosent i oktober 2014.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 3,8 prosent

I oktober var det 103 000 arbeidslause, som utgjorde 3,8 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Oktober 2014Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar103 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken3,80,3
 
Sysselsette personar2 635 000-5 000
I prosent av befolkninga68,2-0,4

Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,8 prosent av arbeidsstyrken i oktober (gjennomsnitt av september-november). Samanlikna med juli (gjennomsnitt av juni-august) er dette ein oppgang på 0,3 prosentpoeng, eller 9 000 personar. Denne auken er innanfor feilmarginen. Det er i aldersgruppa 25-74 år at AKU viser auke i arbeidsløysa. 

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk ned med 1 000 frå juli til oktober. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i sysselsettingstalet

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 5 000 frå juli til oktober. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. I løpet av 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka blant personar som er 25 år og eldre. Når det gjeld dei under 25 år, har det vore ein nedgang i sysselsettingstalet i denne perioden.

I oktober 2014 utgjorde dei sysselsette 68,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, som er ein reduksjon på 0,4 prosentpoeng frå juli.

Arbeidsløysa ned i USA og EU

I USA gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned frå 6,2 prosent i juli til 5,8 prosent i oktober. EU hadde ein svakare nedgang i arbeidsløysa i den perioden, ned 0,1 prosentpoeng til 10,0 prosent i oktober.

 Ifølge sesongjusterte tal gjekk arbeidsløysa i Sverige opp frå 7,8 prosent i juli til 8,1 prosent i oktober. I den same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark ned med 0,2 prosentpoeng, til 6,4 prosent.