Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa 3,7 prosent
I november var det 102 000 arbeidslause. Talet er dermed uendra frå august.
November 2014 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 102 000 | 0 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,7 | 0,0 |
Sysselsette personar | 2 654 000 | 17 000 |
I prosent av befolkninga | 68,6 | 0,2 |
Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,7 prosent av arbeidsstyrken i november (gjennomsnitt av oktober-desember). Dette er uendra frå august (gjennomsnitt av juli-september). Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i den same perioden.
Små endringar i sysselsettinga
Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 17 000 frå august til november. Dette er ei endring som ligg rundt feilmarginen i statistikken. I løpet av 2014 har det vore ein auke i det sesongjusterte talet på sysselsette: Frå januar til november viste AKU ein auke på 31 000.
I november utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, som er opp 0,2 prosentpoeng frå august og uendra frå januar.
Stabil arbeidsløyse i Tyskland
I Tyskland var den sesongjusterte arbeidsløysa på 5,0 prosent i november, og dermed uendra frå august. Tyskland er blant landa med lågast arbeidsløyse i EU. I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 10,4 prosent av arbeidsstyrken i november, også dette er uendra frå august. I Frankrike var den sesongjusterte arbeidsløysa på 10,3 prosent i november. Dette er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå august.
Ifølge sesongjusterte tal gjekk arbeidsløysa i Sverige ned frå 8,0 prosent i august til 7,8 prosent i november. I den same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark ned med 0,2 prosentpoeng, til 6,4 prosent.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62