Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil arbeidsløyse
I desember utgjorde dei arbeidslause 3,7 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er dermed uendra frå september.
Desember 2014 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 102 000 | 1 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,7 | 0,0 |
Sysselsette personar | 2 665 000 | 25 000 |
I prosent av befolkninga | 68,8 | 0,4 |
![Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 1. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/219310.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=14bc005da40)
![Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken Figur 2. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/219308.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=14bb63c7370)
![Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 3. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/219307.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=14bb63c6ba0)
![Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/219311.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=14bb63c7b40)
Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 102 000 arbeidslause i desember 2014 (gjennomsnitt av november-januar). Auken på 1 000 arbeidslause sidan september (gjennomsnitt av august-oktober) er klart innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var uendra i den same perioden.
Auke i sysselsettinga
Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 25 000 frå september til desember. Auken kom blant både kvinner og menn, og i hovudsak blant dei i aldersgruppa 25-74 år. I desember utgjorde dei sysselsette 68,8 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, opp 0,4 prosentpoeng frå september.
Arbeidsløysa ned i USA
Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i USA 5,6 prosent av arbeidsstyrken i desember. Det er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå september. Også i EU sett under eitt gjekk arbeidsløyseprosenten ned i denne perioden: frå 10,4 til 10,3 prosent. I både Sverige og Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng frå september til desember, til høvesvis 7,6 og 6,4 prosent.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62