204216_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
204216
Arbeidsløysa fortset å stige
statistikk
2015-04-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,1 prosent i februar 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa fortset å stige

I februar var det 112 000 arbeidslause som utgjorde 4,1 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Februar 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar112 00010 000
I prosent av arbeidsstyrken4,10,3
 
Sysselsette personar2 645 000-8 000
I prosent av befolkninga68,2-0,4

Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa på 4,1 prosent i februar 2015 (gjennomsnitt av januar-mars). Samanlikna med november 2014(gjennomsnitt av oktober-desember) var dette ein oppgang på 0,3 prosentpoeng eller 10 000 personar. Auken er så vidt innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014.

Kvartalsvis AKU viser at mykje av auken i arbeidsløysa kjem av at folk blir verande ledige over lengre tid. Frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015 auka prosentdelen som var langtidsledige frå 29 til 38 prosent. Langtidsledige er personer som har vore arbeidsledige i meir enn 26 veker.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 1 000 frå november 2014 til februar 2015. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Uendra sysselsetting

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 8 000 frå november 2014 til februar 2015. Endringa er innanfor feilmarginen i AKU. Dei sysselsette i februar 2015 utgjorde 68,2 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, ned 0,4 prosentpoeng frå november 2014.

Arbeidsløysa ned i både EU samla og USA

I motsetnad til i Noreg har arbeidsløysa i EU sett under eitt gått gradvis ned den siste tida. Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i EU 9,8 prosent av arbeidsstyrken i februar 2015. Dette er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå november 2014. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom EU-landa. I februar 2015 var arbeidsløysa i Frankrike på 10,6 prosent, opp 0,1 prosentpoeng frå november, medan ho gjekk ned 0,1 prosentpoeng i Tyskland til 4,8 prosent. I februar 2015 var arbeidsløysa i USA 5,5 prosent av arbeidsstyrken, det er ned 0,3 prosentpoeng frå november.