212260_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212260
Arbeidsløysa på 4,3 prosent
statistikk
2015-07-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,3 prosent i mai 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,3 prosent

I mai var det 118 000 arbeidslause, som utgjorde 4,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mai 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar118 0005 000
I prosent av arbeidsstyrken4,30,1
 
Sysselsette personar2 652 0008 000
I prosent av befolkninga68,20,0

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 5 000 personar frå februar (gjennomsnitt av januar-mars) til mai (gjennomsnitt av april-juni). Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 2 000 frå februar til mai. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Stabil sysselsetting

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 8 000 frå februar til mai. Det inneber ei endring som er innanfor feilmarginen. I mai var 68,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år sysselsette, prosentdelen er uendra frå februar.

Arbeidsløysa ned i EU

Ifølge sesongjusterte tal gjekk arbeidsløysa i EU ned frå 9,7 prosent i februar til 9,6 prosent i mai. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa mellom EU-landa. I mai var til dømes arbeidsløyseprosenten på 22,5 i Spania, 12,4 i Italia, 10,3 i Frankrike, 7,8 i Polen og 4,7 i Tyskland. Arbeidsløysa har vore ganske stabil i Italia og Frankrike det siste året, medan dei tre andre nemnde landa har hatt ein nedgang.

I Sverige utgjorde dei arbeidslause 7,8 prosent av arbeidsstyrken i mai, ned 0,1 prosentpoeng frå februar. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 6,2 prosent i mai. I USA var arbeidsløysa på 5,5 prosent, som er uendra frå februar.