212294_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212294
Fleire arbeidslause over 24 år
statistikk
2015-10-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,6 prosent i august 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2015

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Avsnittet om revisjon av arbeidsløyseprosenten for førre periode (juli) blei retta 28. oktober kl. 13.25.

Fleire arbeidslause over 24 år

I august var det 128 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
August 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar128 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken4,60,3
 
Sysselsette personar2 654 0001 000
I prosent av befolkninga68,1-0,2

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 9 000 personar frå mai (gjennomsnitt av april-juni) til august (gjennomsnitt av juli-september) totalt sett. Auken er innanfor feilmarginen i AKU. Auken kom for personar over 24 år.

Revisjon av arbeidsløyseprosenten for førre periode (juli)1

Det var opplyst at talet var revidert opp til 4,4 for juli, medan det skulle vært uendra på 4,3. Feilen skuldas at det vart gjort ein berekning med for få desimaler. Det er riktig at tala vart revidert marginalt opp, men likevel slik at det ligger nærare 4,3 enn 4,4. Tabellane og statistikkbanken var korrekte heile tida.

I same periode gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 5 000. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette var om lag uendra frå mai til august. I august var 68,1 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år sysselsette, ned 0,2 prosentpoeng frå mai. Det har samanheng med at befolkninga auka meir enn sysselsettinga.

Når vi ser utviklinga i sysselsettinga og arbeidsløysa under eitt, ser vi at arbeidsstyrken i prosent av befolkninga var uendra på 71,3 prosent.

Arbeidsløysa ned i Tyskland og USA, opp i Frankrike

I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng frå mai til august, til 9,5 prosent. I Frankrike gjekk arbeidsløysa opp 0,4 prosentpoeng, medan den i USA gjekk ned 0,4 prosentpoeng. Arbeidsløysa gjekk óg ned i Tyskland og var i august lågare enn i Noreg.

1 Avsnittet ble rettet 28. oktober 2015 kl. 13.25.

Om registrerte ledige hos NAVÅpne og lesLukk

Grunna tekniske problem hos NAV var det ikkje mogeleg å registrere nye arbeidssøkarar måndag 28. september før kl. 12. NAV reknar med at utan dei tekniske problema ville det vore registrert mellom 300 og 400 fleire helt ledige i september.