Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa på 4,6 prosent
I september var det 127 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette svarte til 4,6 prosent av arbeidsstyrken.
September 2015 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 127 000 | 5 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,6 | 0,2 |
Sysselsette personar | 2 654 000 | 4 000 |
I prosent av befolkninga | 68,0 | -0,1 |
Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 5 000 personar frå juni (gjennomsnitt av mai-juli) til september (gjennomsnitt av august-oktober). Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med utviklinga sidan mai 2014. Arbeidsløysa var då på 3,2 prosent, og det sesongjusterte talet på arbeidslause har gått opp med 40 000. AKU viser at om lag 30 000 av disse var over 24 år.
Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 5 000 frå juni til september. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Små endringar i sysselsettinga
AKU viser også at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 4 000 frå juni til september. Den auken er også innanfor feilmarginen. I september var 68,0 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år sysselsette, som er ein nedgang 0,1 prosentpoeng frå juni. Dette har samanheng med at befolkninga auka meir enn sysselsettinga.
Når vi ser utviklinga i sysselsettinga og arbeidsløysa under eitt, var likevel arbeidsstyrken i prosent av befolkninga om lag uendra på 71,3 prosent sidan også befolkninga har auka tilsvarande.
Lågare arbeidsløyse i Tyskland enn i Noreg
I Tyskland viser AKU at den sesongjusterte arbeidsløysa var på 4,5 prosent i september, ned 0,1 prosentpoeng frå juni. Frankrike hadde ein auke på 0,2 prosentpoeng i same perioden, til 10,7 prosent. EU sett under eitt hadde derimot ein nedgang, frå 9,5 i juni til 9,3 i september. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned i denne perioden, der med 0,2 prosentpoeng til 5,1 prosent.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62