243089_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243089
Arbeidsløysa på 4,6 prosent
statistikk
2016-04-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,6 prosent i februar 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,6 prosent

Ifølge sesongjusterte tal var det 130 000 arbeidslause i februar 2016. Dette er om lag som i november 2015.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Februar 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar130 0003 000
I prosent av arbeidsstyrken4,60,1
 
Sysselsette personar2 663 00013 000
I prosent av befolkninga67,90,2

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) har vist ein gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent i mai 2014 til 4,6 prosent i august 2015. Sidan det har arbeidsløysa vore ganske stabil ifølge dei siste sesongjusterte tala. AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 3 000 frå november 2015 (gjennomsnitt av oktober–desember) til februar 2016 (gjennomsnitt av januar–mars). Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 1 000 frå november 2015 til februar 2016. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader. 

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?  

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for januar (gjennomsnitt av desember–februar) justert ned frå 4,8 til 4,7 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny. 

Små endringar i sysselsettinga

Frå november 2015 til februar 2016 viser AKU at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 13 000, og prosentdelen sysselsette med 0,2 prosentpoeng til 67,9 prosent. Dette er innanfor feilmarginen. 

Arbeidsløysa ned i Danmark

I Danmark utgjorde dei arbeidslause 5,8 prosent av arbeidsstyrken i februar 2016, som er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå november 2015. Arbeidsløysa gjekk derimot opp med 0,2 prosentpoeng i Sverige i den same perioden, til 7,1 prosent i februar. I Frankrike låg arbeidsløysa uendra på 10,2 prosent, medan ho i Tyskland gjekk ned med 0,1 prosentpoeng til 4,3 prosent i februar. I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,9 prosent i februar, ned frå 9,0 prosent i november. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i den same perioden, til 4,9 prosent.