Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.
Arbeidsløysa på 4,8 prosent
Talet på arbeidslause var 135 000 i juni, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken.
Juni 2016 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 135 000 | 5 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,8 | 0,2 |
Sysselsette personar | 2 649 000 | -3 000 |
I prosent av befolkninga | 67,4 | -0,2 |
![Figur 1. Arbeidsløyse (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken Figur 1. Arbeidsløyse (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/275875.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=156b5f572a8)
![Figur 2. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 2. Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/275873.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=156b5f56ec0)
![Figur 3. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken Figur 3. Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. I prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/275879.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=156b5f57e60)
![Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken Figur 4. Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. Prosent av arbeidsstyrken](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/275878.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=156b5f57a78)
![Figur 5. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt Figur 5. Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt](/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned/_image/275876.png?_encoded=2f66666666666678302f35382f&_ts=156b5f57690)
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 5 000 frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli). Endringa i arbeidsløysa er innanfor feilmarginen. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar frå mars til juni. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?
Små endringar i sysselsette
Frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli) viser AKU at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 3 000. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. AKU har berre vist små endringar i det sesongjusterte talet på sysselsette sidan årsskiftet 2014/2015. Like fullt har det sesongjusterte talet på sysselsette under 25 år gått ned i den same perioden, medan tilsvarande tal for personar på 25 år og over har gått noko opp.
Sjølv om talet på sysselsette har vore nokså stabil sidan årsskiftet 2014/2015 har befolkninga auka i same perioden, slik at prosentdelen sysselsette har gått ned. Av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år var 67,4 prosent sysselsette i juni, justert for sesongvariasjonar. Det er en nedgang på 0,2 prosentpoeng frå mars 2016 og om lag 1 prosentpoeng lågare enn ved årsskiftet 2014/2015.
Arbeidsløysa ned i EU og USA
I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,6 prosent i juni, ned 0,1 prosentpoeng frå mars. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i juni, ein nedgang frå 4,3 prosent i mars. I Frankrike og Sverige gjekk også arbeidsløysa ned i denne perioden, frå høvesvis 10,1 til 9,9 prosent og frå 7,2 til 6,6 prosent. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp 0,1 prosentpoeng til 6,0 prosent. Arbeidsløysa i USA gjekk ned frå 5,0 prosent i mars til 4,9 prosent i juni.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62
-
Ole Sandvik
E-post: ole.sandvik@ssb.no
tlf.: 99 04 82 06