243073_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243073
Arbeidsløysa på 4,8 prosent
statistikk
2016-12-21T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,8 prosent i oktober 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,8 prosent

Justert for sesongvariasjonar var det 133 000 arbeidslause i oktober. Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Oktober 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar133 000-6 000
I prosent av arbeidsstyrken4,8-0,2
 
Sysselsette personar2 655 0006 000
I prosent av befolkninga67,30,0

Arbeidsløysa gjekk ned med 0,2 prosentpoeng, eller 6 000 personar, frå juli (gjennomsnitt juni–august) til oktober (gjennomsnitt av september–november), ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Denne endringa er innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var til samanlikning uendra i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader. 

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal? 

AKU viser at det frå sommaren 2014 til hausten 2015 var ein gradvis auke i den sesongjusterte arbeidsløysa. Det siste året har endringane i arbeidsløysa stort sett lege innanfor feilmarginen og nivået variert mellom 4,5 og 5,0 prosent av arbeidsstyrken

Små endringar i sysselsettinga

Frå juli til oktober gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 6 000, ei endring som er innanfor feilmarginen. Sidan årsskiftet 2014/2015 har det berre vore små endringar i talet på sysselsette. I denne perioden auka befolkninga 15–74 år, og dermed har sysselsettingsprosenten gått ned, frå 68,5 prosent i januar 2015 til 67,3 prosent i oktober 2016. 

Arbeidsløysa ned i EU

I EU sett under eitt gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng frå juli til oktober, til 8,3 prosent. Arbeidsløysa gjekk ned i Frankrike og Tyskland i denne perioden, med høvesvis 0,4 og 0,1 prosentpoeng til 9,7 og 4,1 prosent. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp frå 6,3 prosent i juli til 6,5 prosent i oktober. Arbeidsløysa i Sverige gjekk ned med 0,1 prosentpoeng til 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa uendra på 4,9 prosent.