243075_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243075
Nedgang i sysselsettinga
statistikk
2017-01-26T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,7 prosent i november 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i sysselsettinga

Frå august til november gjekk den sesongjusterte sysselsettingsprosenten ned med 0,5 prosentpoeng, til 66,8 prosent.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
November 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar130 000-6 000
I prosent av arbeidsstyrken4,7-0,2
 
Sysselsette personar2 638 000-14 000
I prosent av befolkninga66,8-0,5

Frå august (gjennomsnitt juli–september) til november (gjennomsnitt av oktober–desember) gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 14 000, ei endring som isolert sett er innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Men i denne perioden auka befolkninga 15-74 år og dermed gjekk sysselsettingsprosenten ned med 0,5 prosentpoeng, til 66,8 prosent i november. 

Arbeidsløysa på 4,7 prosent

Arbeidsløysa gjekk ned med 0,2 prosentpoeng, eller 6 000 personar, frå august til november, ifølge sesongjusterte tal frå AKU. Denne endringa er innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var til samanlikning uendra i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader. 

Frå august til november viser AKU at talet på både arbeidsledige og på sysselsette gjekk ned. Dette inneber at talet på dei som står utanfor arbeidsstyrken gjekk opp.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal? 

AKU viser at det frå sommaren 2014 til hausten 2015 var ein gradvis auke i den sesongjusterte arbeidsløysa. Det siste året har endringane i arbeidsløysa stort sett lege innanfor feilmarginen og nivået variert mellom 4,6 og 5,0 prosent av arbeidsstyrken. 

Arbeidsløysa ned i Frankrike

I Frankrike gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,7 prosentpoeng frå august til november, til 9,5 prosent. Også i Tyskland var det nedgang i denne perioden, der frå 4,2 til 4,1 prosent. I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng til 8,3 prosent i november. Det er store skilnader i nivået på arbeidsløysa blant EU-landa. I november utgjorde dei arbeidslause 19,2 prosent av arbeidsstyrken i Spania, medan dei utgjorde 3,7 prosent i Tsjekkia.