283649_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
283649
Fleire utanfor arbeidsstyrken
statistikk
2017-02-22T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,4 prosent i desember 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanfor arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken, summen av sysselsette og arbeidslause, gjekk ned med 34 000 frå september til desember 2016. Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 22 000 og arbeidsløysa ned med 12 000.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Desember 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar122 000-12 000
I prosent av arbeidsstyrken4,4-0,4
 
Sysselsette personar2 637 000-22 000
I prosent av befolkninga66,8-0,7

Frå september (gjennomsnitt august–oktober) til desember (gjennomsnitt av november–januar) gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,4 prosentpoeng, eller 12 000 personar. Denne nedgangen er isolert sett innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var til samanlikning uendra i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Nedgang i sysselsettinga

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 22 000 personar frå september til desember. I denne perioden auka befolkninga i alderen 15-74 år og sysselsettingsprosenten gjekk ned med 0,7 prosentpoeng, til 66,8 prosent i desember.

Frå september til desember viser altså sesongjustert AKU at både talet på arbeidsledige og talet på sysselsette gjekk ned. Dette inneber at talet på dei som står utanfor arbeidsstyrken gjekk opp. Personar som står utanfor arbeidsstyrken kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gitt opp å søkje arbeid og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.

Arbeidsstyrken blir målt i prosent av befolkninga. Blant dei under 25 år var talet på personar i befolkninga uendra frå september til desember medan talet på personar i arbeidsstyrken gjekk ned, i form av færre sysselsette. Det er eit anna bilete for dei i alderen 25 år og over. I denne gruppa auka befolkninga samstundes med at AKU viser at talet på personar i arbeidsstyrken gjekk noko ned, først og fremst i form av færre arbeidslause.

Arbeidsløysa ned i Tyskland

I Tyskland gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng frå september til desember, til 3,9 prosent. Også i EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng, til 8,2 prosent i desember. I Sverige var det ein oppgang på 0,2 prosentpoeng til 6,9 prosent i desember, medan det var nedgang i Danmark, der frå 6,5 til 6,2 prosent.