Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i arbeidsløysa
Frå oktober 2016 til januar 2017 gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,6 prosentpoeng, til 4,2 prosent. Nedgangen kom i hovudsak blant personar over 24 år.
Januar 2017 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 115 000 | -17 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,2 | -0,6 |
Sysselsette personar | 2 640 000 | -11 000 |
I prosent av befolkninga | 66,8 | -0,4 |
Frå oktober (gjennomsnitt september–november) 2016 til januar (gjennomsnitt av desember–februar) 2017 gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,6 prosentpoeng, eller 17 000 personar. Nedgangen kom i hovudsak blant personar over 24 år og var sterkast blant menn. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning ned med 1 000 personar i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?
Små endringar i sysselsettinga
Ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 11 000 personar frå oktober 2016 til januar 2017. Denne nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU. I denne perioden auka befolkninga i alderen 15-74 år og sysselsettingsprosenten gjekk ned med 0,4 prosentpoeng, til 66,8 prosent i januar.
Frå oktober til januar viser altså sesongjustert AKU at både talet på arbeidsledige og talet på sysselsette gjekk ned. Dette inneber at talet på dei som står utanfor arbeidsstyrken, gjekk opp. Personar som står utanfor arbeidsstyrken, kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gitt opp å søke arbeid, og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.
Arbeidsstyrken blir målt i prosent av befolkninga. Vi sesongjusterer AKU-tala berre for to aldersgrupper: 15-24 år og 25 år og over. Blant dei under 25 år var talet på personar i befolkninga om lag uendra frå oktober til januar, medan talet på personar i arbeidsstyrken gjekk ned, hovudsakeleg i form av færre sysselsette. Det er eit anna bilete for dei i alderen 25 år og over. I denne gruppa auka befolkninga samstundes med at talet på personar i arbeidsstyrken gjekk noko ned, i form av færre arbeidslause.
Arbeidsløysa ned i EU
I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng frå oktober 2016 til januar 2017, til 8,1 prosent. I denne perioden låg arbeidsløysa uendra i Frankrike på 10,0 prosent, men gjekk ned frå 4,0 til 3,8 prosent i Tyskland. I januar var den sesongjusterte arbeidsløysa i Sverige på 6,8 prosent og i Danmark på 6,2 prosent. Dette var ned høvesvis 0,1 og 0,3 prosentpoeng frå oktober.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62