Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis høg arbeidsløyse
Arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar registrert ved arbeidskontora var 6,3 prosent ved utgangen av mai. Til samanlikning var arbeidsløysa for heile folket 2,2 prosent. Høgast arbeidsløyse hadde innvandrarane frå Afrika, alt rekna som del av arbeidsstyrken.
Ved utgangen av mai i år var det registrert 7 940 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar.
Grunna endringar i definisjonen av registrerte heilt arbeidslause frå 1999 har vi ikkje sikre endringstal for innvandrarar. Utrekningar som byggjer på Arbeidsdirektoratet si korrigering av brotet i tidsserien, tyder på at det var om lag 740 færre registrerte heilt arbeidslause innvandrarar 2. kvartal 1999 enn same kvartal året før.
Den registrerte arbeidsløyseprosenten ved utgangen av mai i år var høgst for innvandrarane frå Afrika, med 12,6 prosent, følgt av innvandrarane frå Aust-Europa og Asia med ei arbeidsløyse på om lag 9 prosent. Vestlege innvandrarar hadde ei arbeidsløyse på 2,4 prosent, berre to tidelar høgre enn folket generelt.
Den registrerte arbeidsløysa ved arbeidskontora var for innvandrarkvinner 5,5 prosent i mai i år, medan den for mannlege innvandrarar var 6,9 prosent.
Langt færre på tiltak
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med heile 2 481 personar frå mai 1998 til mai 1999. Det svarar nesten til ei halvering. Ved utgangen av mai i år var det registrert 2 905 innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Det er 28,5 prosent av alle på ordinære arbeidsmarknadstiltak.
Blant innvandrarane på ordinære arbeidsmarknadstiltak var 85 prosent i aldersgruppa 25-54 år medan 13 prosent var i aldersgruppa 16-24 år. Tilsvarande del i aldersgruppa 16-24 år blant alle på ordinære tiltak var 33 prosent.
Høg arbeidsløyse i Østfold og Sogn og Fjordane
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på registrerte arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar i prosent av alle innvandrarar 16-74 år var ved utgangen av mai i år høgst for dei busette i Østfold og Sogn og Fjordane og lågast for dei busette i Akershus og Troms.
Blant dei ikkje-vestlege innvandrarane er det dei busette i Troms som hadde den høgste prosenten på arbeidsmarknadstiltak i mai 1999. Ikkje-vestlege innvandrarar busette i Oslo, Akershus og Sogn og Fjordane hadde lågast tiltaksprosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken Utgangen av februar 1998, mai 1998, februar 1999 og mai 1999
- Tabell 2 Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av februar 1998, mai 1998, februar 1999 og mai 1999
- Tabell 3 Registrerte heilt arbeidslause og personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og tal år busett i Noreg. I prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1998 og 1999
- Tabell 4 Registrerte arbeidslause, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1999
- Tabell 5 Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt 16-74 år. Utgangen av mai 1999
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42